Januar

Januar har gjeve oss nokre flotte solrike arbeidsdagar på Hoven, med utsikt over "fjord-ull" og glitrande fjell, og det vil vi gjerne dele med deg. 

Godt nytt år!

Då har vi gått inn i året der det store skal skje. Om få månader opnar vi pendelbana for publikum, og du kan bli med høgt til fjells for gode natur- og matopplevingar. 

Vi legg eit innhaldsrikt 2016 bak oss. Noko av det siste vi kunne dele før nyttår er at H.M. Dronning Sonja vil vere til stades under opninga 20. mai. Dette gler vi oss veldig til.

Bygginga er i rute, og innreiingsarbeidet kan starte. Kabinane er pakka ut, og seglar elegant opp fjellsida. Dei blenkjer flott i vintersola.

Vi har også auka opp eigenkapitalen i Hoven Loen AS, der Garaventa AG har gått inn med nye 25,7 mill

Vi markerer starten på 2017 med eit utval desemberbilete frå Hoven, og ynskjer alle eit godt nytt år!

Veke 49 - Vinteren er komen

Vinteren er komen på Hoven, men arbeidet pågår for full styrke. Og for eit vakkert skue over kvite fjell!  

Ein stor dag i vesle Loen

Laurdag 5. november vart kabinane i pendelbana monterte. Ein viktig merkedag for prosjektet!

Veke 44 - Store ting skjer

Veke 44 har vore ei innhaldsrik veke for Hoven Loen prosjektet. Mellom anna er kabinane kome frå Sveits, vindauga på restauranten er monterte og litt spenning (bokstaveleg tala) har vore knytt til framdrifta på det elektriske på grunn av streik. Ute i felt er fleire flotte turskilt komne opp. Ein enorm innsats vert lagt ned i prosjektet av veldig mange, for å sikre at vi held tidsplanen. For eit team! 

Bygging av sti, varding og skilting

Stiarbeidet foregår for fullt i eit nydeleg haustver. No er også skiltinga av stiane i gong. Gjensidigestiftinga, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, har bidrege økonomisk til skiltinga.  

5000 tonn betong

Det går mot slutten med betongarbeidet, og rundt 5000 tonn har totalt blitt brukt i bygginga. Betongarbeidet på toppen starta i april, og sidan den gong har arbeidet gått slag i slag. No gjenstår berre litt betongarbeid på restaurantbygget før tømrarane kan starte for fullt. 

Les artikkel i Fjordingen her. 

Hoven veke 36

Full fart framover! Både på fjellstasjonen, restaurantbygget, fjordstasjonen og ute i fjellet vert det jobba for fullt. Her er litt foto frå veke 36.

Veke 33: Stibygging, fjordskodde og paragliderar

Mange flotte soldagar denne veka, som har kome godt med for stibyggjarane. Og over bakken har paragliderar nytt flotte dagar i indre Nordfjord. Morgonskodda har lagt som ein dyne nede over fjorden - eit fascinerande syn frå oss her oppe i høgda.