23031291_10155345661554081_7457919527071398114_n.jpg

I dag vann Loen Skylift årets Gründerpris, og gjett om vi er stolte og glade!

"Årets Gründer" er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, og prisen vart i år delt ut for sjette gong. Juryen har bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, dagleg leiar i kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge. I tillegg til juryen sine vurderingar skulle publikum vere med å stemme på finalistane. Dei andre finalistane var HydroWave, Sogn Aqua, Sødermann Rådgiving og Seaweed. 

Det var Eivind Grov som tok imot prisen på vegne av Loen Skylift i dag, og NRK snakka med han etter prisutdelinga. Eivind Grov var den første som lanserte ideen om ein gondol i Loen, for 40 år sidan, og han har vore tett på prosessen heile vegen, så det var spesielt kjekt at han kunne motta prisen på vegne av prosjektet. 

Vi takkar juryen og alle som har stemt på oss. Dette motiverer til vidare utvikling av Loen Skylift og aktivitetane på Hoven! 

Fjordingen: Loen Skylift vart årets gründer
Sparebanken Sogn og Fjordane: Loen Skylift er Årets Gründer 2017
Firda: Loen Skylift kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane
NRK: Loen Skylift vann gründerpris
Fjordabladet: Loen Skylift er årets gründer
Fjordenes Tidende: Loen Skylift heilt til topps

 

 Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eivind Grov og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eivind Grov og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

 Utsikta frå Loen Skylift i dag. Vakker soloppgong over Lodalen.

Utsikta frå Loen Skylift i dag. Vakker soloppgong over Lodalen.