Ein lengre fjelltur, der du utforskar fjellområdet rundt Hoven. Ut frå ynskje og vertilhøve går vi til Årheimsfjellet 1007 moh (vestover) eller til Staurinibba 1379 moh (austover). Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke. Turen kan også inkludere lunsj i Hoven Restaurant. 

Pris: 1340 / 1630 p.p. 

Turbeskrivelse Årheimsfjellet

Vi går nedover på anleggsveg eit stykke og svingar av på skogsveg til Oppheimssetra, deretter steinlagt sti opp til Nøkketjønn der vi svingar vestover til Årheimsfjellet. Returnerer på same sti til Nøkketjønn og held fram på sti til Skredfjellet, deretter på gruslagd sti og eventuelt inkludere Gjølrunden med steintrapper og vardar før vi er tilbake på Hoven. Høgdeforskjell om lag 600 m. Fjellvandringa tar om lag fire timar inkludert pauser og kan tilpassast gjestene sine ønskje.


Turbeskrivelse Staurinibba

Vi går bakover fjellet frå Hoven på gruslagd sti, i steintrapper og på sti, og svingar austover i bratt terreng ei stund før vi går bak og opp på Staurinibba. Høgdeforskjell om lag 400 m. Fjellturen tar om lag fire timar tur retur.     

Turen kan også inkludere lunsj på Hoven Restaurant. Pakkeprisen er då 1630,-

Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant og gjestene kan returnere med Loen Skylift når ein ønskjer (før stengetid!). 

Praktiske opplysningar

  • Oppmøte: Loen Active Base Camp i Loen. 
  • Ankomst Hoven (1011 m.o.h.) med Loen Skylift.
  • Tid: 7-8 timar (4 t. vandring)
  • Lengde Staurinibba: 5,4 km / 379 høgdemeter
  • Vanskegrad: Middels/krevjande. 
  • Alder: 8 år og oppover.
  • Ta med: Vatn, fjellsko (kan leigast), varme klede, vanntett jakke.  
  • Tilgjengeleg: Mai/juni - oktober. 
  • Lunch: Nistepakke er inkludert. Turen kan også inkludere lunsj i Hoven Restaurant.  
  • Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant & Bar, så gjesten har valfri returtid med Loen Skylift.
  • Inkludert: Guide, Loen Skylift t/r og lunch (nistepakke eller lunch i Hoven Restaurant). 
  • Min. antal personar for å gjennomføre turen: 4 personar. Maks 12 personar per guide.

Tilbake til pakkane.

SEND BESTILLING/FØRESPURNAD

Namn *
Namn
Dato *
Dato
Dersom det er born med i gruppa, venlegast skriv alder på desse.