Frå Hoven går vi på veg og sti nedover til Oppheimsetra, og vidare på steinlagt sti opp til Nøkketjønn til Skredfjellet, og tilbake til Hoven på fin grussti. Fantastisk utsikt over fjord og fjell. Turen inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke. Turen kan også inkludere lunsj på Hoven Restaurant. 

Pris: 1240 / 1430 p.p. 

Turbeskrivelse

Vi vil ta dykk med på ei vandring i høgfjellet på veg, steintrapper, sti og gruslagde stiar frå varde til varde. Vi går nedover på veg eit stykke og svingar av på skogsveg til Oppheimssetra, deretter steinlagt sti opp til Nøkketjønn og på sti til Skredfjellet, for deretter å halde fram på gruslagd sti og eventuelt inkludere Gjølrunden med steintrapper og vardar før vi er tilbake på Hoven.     

Praktiske opplysningar

  • Oppmøte: Loen Active Base Camp i Loen. 
  • Ankomst Hoven (1011 m.o.h.) med Loen Skylift.
  • Tid: 6 timar (3,5 timar vandring)
  • Lengde: 6,3 km / 340 høgdemeter
  • Vanskegrad: Krevjande med hensyn til lengde, men dei med normal fysisk god form greier det. Gruslagd sti, steintrapper og sti i terreng.  
  • Alder: Anbefalast frå 8 år og oppover. Born må kunne gå avstanden sjølve..
  • Ta med: Vatn, fjellsko (kan leigast), varme klede, vanntett jakke.  
  • Tilgjengeleg: Mai/juni - oktober. 
  • Lunch: Velg mellom nistepakke eller lunch i Hoven Restaurant. 
  • Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant & Bar, så gjesten har valfri returtid med Loen Skylift.
  • Inkludert: Guide, Loen Skylift t/r og lunch (nistepakke eller lunch i Hoven Restaurant). 
  • Min. antal personar for å gjennomføre turen: 4 personar. Maks 12 personar per guide. 

Tilbake til pakkane.

send bestilling/førespurnad

Namn *
Namn
Derrsom born skal vere med på turen venlegast skriv også borna sin alder.
Dato *
Dato