Opplev fjellet på ein godt tilrettelagt sti til Skredfjellet eller Gjølrunden, med panoramautsikt mot fjord og fjell. Vi avsluttar i Hoven Restaurant & Bar. Møtepunkt ved Loen Active i Loen. Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke/lunsj.

Pris: 990 / 1180 p.p.

Turbeskrivelse

Denne turen gjev deg utsikt mot fjord, fjell og bre, og er tilpassa alle aldersgrupper. Frå Hoven til Skredfjellet går du på grusa tursti. Nokre korte bratte parti. Etter kvart får du utsikt mot fjorden og dei store dalføra innover mot Jostedalsbreen. Når du kjem opp på fjellryggen ser du Sunnmørsalpane i nord og Gjegnen i vest. Frå toppen ser du utover den 106 km lange Nordfjorden. I aust kan du skimte Skålatårnet 1848 moh. I sør ser du Oldedalen omkransa av isbrear.

Praktiske opplysningar

  • Oppmøte: Loen Active Base Camp i Loen. 
  • Ankomst Hoven (1011 m.o.h.) med Loen Skylift.
  • Tid: 3,5 timar (1, 5 t. vandring)
  • Lengde: 4 km / 155 høgdemeter
  • Vanskegrad: Middels. Krev inga erfaring, kun normal fysisk god form. 
  • Alder: Alle. Born må kunne gå avstanden sjølve eller vere i bæremeis.
  • Ta med: Vatn, fjellsko (kan leigast), varme klede, vanntett jakke.  
  • Tilgjengeleg: Mai/juni - oktober. 
  • Lunch: Velg mellom nistepakke eller lunch i Hoven Restaurant. 
  • Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant & Bar, så gjesten har valfri returtid med Loen Skylift.
  • Inkludert: Guide, Loen Skylift t/r og lunch (nistepakke eller lunch i Hoven Restaurant). 
  • Min. antal personar for å gjennomføre turen: 4 personar. Maks 12 personar per guide. 

Tilbake til pakkane.

 

Send Førespurnad / bestilling

Namn *
Namn
Dato *
Dato
Dersom born er med, venlegast skriv alder på desse.
Velg mellom nistepakke eller lunch i Hoven Restaurant