Loen Active gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum; Via Ferrata Loen, fjellturar, sykling og aktivitetar på  fjorden. Om vinteren tilbyr vi trugeturar og har ei eiga skøytebane. Andre populære tilbod er sykkelutleige og båtutleige på fjorden.

 
 
norwegen-16_455_1000.jpg

Via Ferrata Loen

Å henge midt oppe i ei bratt fjellside, høgt over fjorden, er ikkje noko du gjer kvar dag. Men takka vere klatrestien mot toppen av Hoven (1011 m.), kan dei fleste klare Via Ferrata-løypa (“jernsti” på italiensk) i Loen. Guiden er med deg heile vegen, og du er festa med klatresele til solide virer heile vegen. Eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.

 
BB20161007_HovenLoen_DSC08274.jpg

Guida vandringar og fjellturar

Bli med på fotturar på Hoven, og andre stadar i og rundt Loen. Vi kan tilpasse turen etter vanskegrad og lengde. Våre mest populære turar er på Hoven og til Skåla (1848 m).

 
loen_lake_cycling.jpg

Sykling

Leig deg ein sykkel, og reis til Lodalen eller utforska andre stadar i området. Loen Active tilbyr også guida turar på sykkel.

 

ta kontakt

Loen Active  |  post@loenactive.no  |  57 87 58 00  |  loenactive.no 

Nokre av guidane i Loen Active.

Nokre av guidane i Loen Active.