Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell med historie heilt frå 1884. Hotellet ligg rett under fjellet Hoven, kun 500 meter frå fjordstasjonen. Alexandra er kjend for særeigen og personleg atmosfære, og fristar med den store Alexandra-Buffeten og Alexandra Bad & Spa. Hotel Alexandra si store kongressavdeling har fleksible og tilpassa løysingar for kurs og møter, og kursverten sørgjer for at alt fungerer som det skal. Dei har gode tilbod for barnefamiliar og familieselskap,men også stille "oaser" for deg og din kjære.  Merk at bade- og spaavdelinga kun er for buande gjestar.