Jonsokopera på Hoven

Jonsokopera på Hoven

Opplev magisk jonsokopera 1011 meter over fjorden, og kombiner med ei matoppleving heilt på kanten. Etterpå fyrer vi opp bålpanner og nyter sommarkvelden høgt til fjells. 

OM ARTISTANE
Eivind Kandal kjem frå den vesle bygda Kandal i Gloppen. Der har han vokst opp og levd sine første 15 år. Eivind er ein ettertrakta frilanssanger som gjer oppdrag over heile Norge. Han har utdanninga si frå Operaakademiet i København og Operahøgskulen i Oslo.

Elisabeth Gimmestad er sopran og kjem frå Sandane i Gloppen. Elisabeth har bachelor frå Universitetet i Stavanger og Conservatorio di Musica Santa Cecilia i Roma, og har master frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. I haust song Elisabeth blant anna rolla som Grete i Hans og Grete ved Bergen Nasjonale Opera og ho har tidlegare sunge for Opera Nordfjord. Elisabeth har studert med Kirsten Taranger, Bo Skovhus, Elizabeth Norberg-Schulz og Randi Stene. 

Andreas Løken Taklo vart født i Florø og vaks opp på Grov i Eikefjorden. Han byrja som niåring å spele piano ved kulturskulen i Florø. Då han var femten år fekk han Elena C. Sirnes som lærar. Interessa for spelinga og klassisk musikk kom fort. Ho tok han med på pianokonkurransar i Russland og Italia, der han har vore prisvinnar fleire gongar.

PROGRAM

21.00 - 22:30 Konsert i Hoven Restaurant - Jonsokopera
22.30: Vi fyrer opp bålpanner ute
00.30: Siste bane ned

MATSERVERING
Dei som ynskjer å ete i Hoven restaurant før førestillinga bør bestille bord. Restauranten serverer sin a la carte meny.  

Arrangementet er gratis for gjestar ved Loen Skylift. 

NB! Billett til bana må kjøpast i billettluka eller billettautomat (gjeld ikkje for dei med sesong- eller årskort.