26952566_833637456807077_1809011684801783335_o.jpg

Fredag 23. februar kl 16 - 19.30 er det duka for Afterski på Hoven med trubadur Ole Martin Iversen. Vi held matservering ope til kl 21, baren til 22 og siste retur med bana kl 23.

Fri inngong for gjester ved Loen Skylift. Billettar til Loen Skylift kan kjøpast i Fjordshopen, på billettautomatar eller på web.

Om trubadur Ole Martin Iversen
Ein blid og energisk kar bosatt i Løten, som har reist land og strand med stemme og kassegitar sidan 1995. Han har turnert Norge på kryss og tvers, og også litt rundt i Europa. Han har hausta mykje skryt fra publikum og arrangørar, og har et breitt og variert repertoar. Det spelast mykje norsk, og pubmusikk fra 60, 70, 80 og 90 tallet + noko nytt også... Det er også moglegheiter for å slenge inn ønskelåtar.