26951772_833644620139694_3968056952875508503_o.jpg

Påskeafta 31. mars kl 16-20 er det duka for Afterski i Hoven Restaurant med trubadur Torbjørn Gran. Vi held matservering ope til kl 21, baren til 22 og siste retur med bana kl 23.

Fri inngong for gjester ved Loen Skylift. Billetter til Loen Skylift kan kjøpast i Fjordshopen, på billettautomatar eller på web.

Om trubadur Torbjørn Gran
Torbjørn Gran har i årevis livnært seg av å reise rundt og oppfordre publikum til å syngje av full hals, danse og la fornufta bli liggjande heime i sofaen. Med kassegitar, song, ”hiv og hoi” og ”rai, rai”, gjer han alt han kan for å få lokalet i høg stemning. 

Ein trubadur heilt utan prinsipp, som – så langt det let seg gjere – spelar akkurat det publikum vil høyre. Trubadur Gran har ein stor lidenskap for norsk rock, og spelar så mykje norsk som publikum i det heile tatt kan tåle i løpet av ein kveld.