26904605_834165643420925_2229679031554211820_n.jpg

I vinterferien (16. - 25. feb) blir det lagt opp ei vandrerute for born på Hoven langs dei trakka løypene. Finn dei ulike postane med ulike symbol og kryss av. På postane er det informasjon og små historier som både små og store kan lære litt av. 

Heile turen vil ta ca 1 time, avhengig av tempo sjølvsagt. Ein kan delta enten på ski eller til fots. Mindre born bør gå i følge med vaksne. Etter endt vandring kan borna kome til Hoven Restaurant og få utdelt ein liten premie. 

Deltakarskjema blir utdelt i Fjordshopen, Hoven Restaurant eller Hotel Alexandra. Billettar til Loen Skylift kan kjøpast i Fjordshopen, billettautomatar eller på web.