Loen Skylift er lokalisert i bygda Loen som ligg inst i Nordfjord, i Sogn og Fjordane. 

Med bil
Loen Skylift ligg rett ved riksveg 60 i Loen. Det er 10 minutt frå Stryn, 2,5 timar frå Ålesund, 4,5 timar frå Bergen, og 6 timar frå Oslo med bil. Parkering finn du ved fjordstasjonen og ved Loen Active. 

Med fly
Dei næraste flyplassane er Hovden og Sandane, som vert operert av Widerøe, med direktefly frå Oslo og Bergen. Ålesund Lufthavn Vigra ligg 3 timar unna med bil, og har direktefly frå dei største byane i Norge, i tillegg til London, København, Amsterdam og mykje meir. Bergen internasjonale lufthavn ligg 6 timar unna. 

I samarbeid med Hotel Alexandra tilbyr vi transport frå Hovden, Sandane og Ålesund heile året. 

Med buss
Norway Bussekspress frå Bergen, Ålesund og Trondheim, og Nettbuss frå Oslo. Lokal ruteopplysning på Kringom.no

NYTT 2017: UNESCO Fjord Buss-tur dagleg t/r Sogndal via Nordfjord og Loen, til Geiranger. Du kan starte turen fra Sogndal, Stryn, Loen eller Geiranger. Sesong: 10.juni- 13.august. Meir informasjon. 

Leigebil
Avis, Stryn. Tlf. +47 57 72 50 80. Hertz Stryn. Tlf. 47 419 22 885

Taxi
Stryn Taxi: +47 57 87 23 50. Olden Taxi: +47 950 86 146

Vil du vite meir praktisk informasjon om området sjå nordfjord.no