20. mai 2017 opna Loen Skylift - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Hoven Restaurant er lokalisert på 1011 m.o.h., og ligg heilt ute på kanten av fjellet. Dette er blitt ein av Norges mest spektakulære restaurantar med 350 sitjeplassar, to store vestvende uteterrassar og takterrasse på 1010 m2. Hoven Restaurant er eit 100% eigd dotterselskap av Hotel Alexandra, og tek med seg lang erfaring og gode tradisjonar i drifta av restauranten.

HOVMEISTER

Vi søkjer hovmeister i Hoven Restaurant for snarleg tilsetjing. 

Hovmeisteren vil vere ein viktig del av det daglige lederteamet i restauranten. Du må ha relevant kompetanse og erfaring. Vi søkjer etter ein person som ynskjer å ha eller har lokal tilknyting, med ei genuin glede og stoltheit over å yte service.

Arbeidstider etter norsk tariff. Restauranten og baren sine opningstider varierer med sesong.

Vi tilbyr ein innhaldsrik og spanande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.

Søknad med CV sendast snarast til jarle@alexandra.no. For meir informasjon kontakt dagleg leiar Jarle Grov, tlf. 906 39 001.