Våren 2017 opnar Loen Skylift - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Hoven Restauranten er lokalisert på 1011 m.o.h., og ligg heilt ute på kanten av fjellet. Dette blir ein av Norges mest spektakulære restaurantar med 350 sitjeplassar, to store vestvende uteterrassar og takterrasse på 1010 m2. Hoven Restaurant er eit 100% eigd dotterselskap av Hotel Alexandra, og tek med seg lang erfaring og gode tradisjonar i drifta av restauranten.

BARTENDERAR

Vi søkjer to bartenderar i 100% stilling i Hoven Bar, med tilsetjing frå og med opningsdagen 20. mai 2017. 

Personane vi ser etter må vere over 20 år og ha minimum to års erfaring frå bar eller bardrift. Vi søkjer etter personar med lokal tilknyting, og med ei genuin glede og stoltheit over å yte service.

Arbeidstider etter norsk tariff. Restauranten og baren sine opningstider varierer med sesong.

Vi tilbyr ein innhaldsrik og spanande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.

Søknad med CV sendast snarast og innan 5. mai 2017 til jarle@alexandra.no. For meir informasjon kontakt dagleg leiar Jarle Grov, tlf 906 39 001 eller barsjef på Hotel Alexandra, Daniel Diew, tlf. 468 08 402.


20. mai 2017 opnar Loen Skylift og Hoven Restaurant - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Frå Loen startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt over fjord, fjell og bre. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Prosjektet vert gjennomført i selskapet Hoven Loen AS der Hotel Alexandra AS, Nordfjord Kjøtt AS, Garaventa AG og Stryn kommune er dei største eigarane. I tillegg er fleire bedrifter og enkeltpersonar i regionen inne på eigarsida.

KABINFØRARAR OG STASJONSMEDARBEIDARAR

No søkjer vi kabinførarar og stasjonsmedarbeidarar for sommaren 2017.

Har du relevant erfaring, er serviceinnstilt, arbeidsam og interessert i jobb i luftige høgder, er du rette personen for oss. Du må beherske norsk og engelsk. 

Søknad og CV sendast til arne.reme@hovenloen.no. Spørsmål kan rettast til driftsleiar Arne Reme, tel. 917 29 937. 

Søknadsfrist: Så snart som mogleg, men seinast innan 20. april 2017.