20. mai 2017 opna Loen Skylift - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Hoven Restaurant er lokalisert på 1011 m.o.h., og ligg heilt ute på kanten av fjellet. Dette er blitt ein av Norges mest spektakulære restaurantar med 350 sitjeplassar, to store vestvende uteterrassar og takterrasse på 1010 m2. Hoven Restaurant er eit 100% eigd dotterselskap av Hotel Alexandra, og tek med seg lang erfaring og gode tradisjonar i drifta av restauranten.

bartender, restaurantmedarbeidar og kokkAr

Vi søkjer bartender, restaurantmedarbeidar og kokkar i Hoven restaurant for snarleg tilsetjing. 

Bartender må vere over 20 år, og restaurantmedarbeidar må vere over 18 år. Alle må ha relevant kompetanse og erfaring. Vi søkjer etter personar med lokal tilknyting, med ei genuin glede og stoltheit over å yte service.

Arbeidstider etter norsk tariff. Restauranten og baren sine opningstider varierer med sesong.

Vi tilbyr ein innhaldsrik og spanande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.

Søknad med CV sendast snarast til jarle@alexandra.no. For meir informasjon kontakt dagleg leiar Jarle Grov, tlf. 906 39 001.