WEBKAMERA

VERMELDING OG VERSTASJON

Tekstvarsel frå meteorolog (sjå Hordaland og Sogn og Fjordane, yr.no)
Varsom - skredvarsel for indre fjordane

STATUS

Status Langfredag: Lettskya, og det er trakka til Skredfjellet og til Oppheimsætra. Fjellbutikken leiger ut kjelkar og truger til kl 16. Kl 16:15 blir det Kahoot Familiequiz i Hoven Restaurant. Påmelding er ikkje naudsynt og deltakinga er gratis. Heile påska er det påskerebus for alle barn på Hoven, og utover påskeveka vil det foregå kjekke ting for både store og små Sjå fullt program på her. Loen Skylift held ope 10–22 (siste retur kl 22:30), Skyshop: 10– 17, Bar: 12–22:00, Kjøkken: 13–21, Loen Active fjellbutikk: 10– 16. Aking: Det er gode snøforhold til Liaset (på høgde med Raksetra). Ein kan ake lenger og om ein ønskjer, men det er litt sporadiske snøforhold på flata til Lessebakken. OBS: Det kan vere skare og litt isete på anleggsvegen særleg tidleg på dag, så tilpass farten etter det. Hjelm er påbode. Gjester kan sette igjen leigde kjelkar der snøen sluttar. I tillegg er det akebakke på Hoven bak snøholene.

Loen Active tilbyr guida aktivitetar som trugeturar, aking, kajakkpadling, SUP (tørrdrakter tilgjengelig) m.m. Om sommaren tilbyr Loen Active Via Ferrata og zipline. Born frå 0-12 kan hygge seg kvar laurdag og søndag på Loen Play. Få full oversikt over aktivitetane her.

Følg med på vår Facebook-side for fleire oppdateringar.  

AKTUELT

Vinter-aktivitetar

Påskeferie

Opnings-tider

.