Kan eg ta med barnevogn? Ja, det kan du. Bana og alle tilhøyrande bygningar er tilpassa for dette. Barnevogn er gratis å ta med.

Kan eg køyre bil til toppen av Hoven? Nei, vegen er stengt med bom på Oppheim og vert kun nytta til anleggsarbeidet på Hoven og i visse andre tilfelle etter avtale. 

Kan eg ta med hund? Ja, det kan du mot eit lite gebyr. Sjå prisliste. Om du vil inn i restauranten bør hunden vere igjen utanfor. Av hensyn til andre gjestar og beitande dyr ber vi om at hunden vert holdt i band. Det er bandtvang mellom 1. april og 15. oktober.

Er det tilrettelagt for rullestol i anlegget? Ja. Heile anlegget er universelt utforma, og dermed tilrettelagt for rullestolbrukarar.  

Kva er opningstider og prisar på bana og restauranten?denne linken finn du full oversikt over opningstider og prisar

Kan vi gå ned frå Hoven, og kor langt er det? Grusvegen frå Hoven til Oppheim er 7-8 km lang. Du går då ned ca 700 høgdemeter. Deler av vegen ned kan du ta snarvegar på sti. Frå Oppheim må du følge asfaltveg tilbake til Loen (ca 6 km, ca 300 høgdemeter). Du kan bestille returtransport frå Oppheim hos Loen Active. Eit oversiktskart over området finn du her

Korleis når eg Via Ferrata-brua/Gjølmunnebrua? Brua er ikkje tilgjengeleg frå toppen av Hoven. For å nå brua må du gå opp Via Ferrata Loen. Via Ferrata Loen er ein envegs klatresti, der det kun er lov å gå oppover. 

Kan vi få guida tur i fjellet? Ja, Loen Active tilbyr guida fjellturar. Klikk her for meir informasjon. 

Er det toalett på toppen av Hoven? I bygget på toppen er det tilrettelagt med mange toalett, både i stasjonsbygget og i tilknyting til restauranten. 

Kvifor er Lovatnet og fjorden grøn? Lovatnet er grønt fordi dei inneheld leirpartiklar og steinstøv som breane grev ut og elvane fører med seg. Breane knuser stein og fjell, dag og natt. Når brevatnet kjem ned i innsjøane og fjorden, ser det grønt ut, særleg når sola skin.