Loen Skylift løftar deg frå fjorden i Loen til fjellet Hoven på 1011 m.o.h. Bana er ei av dei brattaste i verda, og vart offisielt opna av HM Dronning Sonja 20. mai 2017. I tillegg til bana består anlegget av fjordshop (billettkontor og butikk), fjordstasjon, fjellstasjon og restaurant. 

Sjå her for opningstider og prisar.

Fakta om Loen Skylift

Type bane: Pendelbane, med teknologi basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned.
Botnstasjon: Loen
Toppstasjon: Hoven
Leverandør: Doppelmayr Garaventa
Tid i bane:  5-7 minutt kvar veg
Fart: 7 m/s
Antal kabinar: 2
Kapasitet i kvar kabin: 35 personar (45+1)
Kapasitet per time: 350 personar (462)
Høgste punkt over bakken: 173,5 meter
Næraste distanse frå fjell: 9 meter
Brattaste punkt: ca 54 grader
Høgdeforskjell: 989.50 meter
Lengde wire: 1524.40 meter
Diameter bæretau: 42 mm
Diameter trekktau: 32 mm
Normal ytelse hovudmotor: 400 kW
Avgong kvar halve time, men oftare ved stor pågong. 
Handicapvenleg

Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.