Pendelbana Loen Skylift er ei av dei brattaste i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heliårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar. Loen Skylift og Hoven Restaurant vart opna av Dronning Sonja 20. mai 2017.

Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til  Hoven Restaurant der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange - valet er ditt.   

Loen Skylift AS er eigd av Hotel Alexandra AS, Garaventa AG, Stryn kommune og lokale bedrifter og enkeltpersonar.