20. mai 2017 opna H.M. Dronning Sonja Loen Skylift - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Dette vart ei storstlått markering, i strålande solskinn. Sjå bilete frå opninga her. 

Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til  Hoven Restaurant der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange - valet er ditt.   

Prosjektet har blitt gjennomført i selskapet Hoven Loen AS der Hotel Alexandra AS, Nordfjord Kjøtt AS, Garaventa AG og Stryn kommune er dei største eigarane. I tillegg er fleire bedrifter og enkeltpersonar i regionen inne på eigarsida.