Ta med deg vennegjengen, storfamilien, kollegaer eller kundar på Hoven. For grupper på minimum 10 personar tilbyr vi gode pakkar med Loen Skylift, aktivitetar og servering. På førespurnad kan vi også opne utanom ordinær opningstid. Kontakt oss, så hjelper vi deg. 

 
Hoven Drone Lars Korvald-11-2000.jpg

Pakke 1: Loen Skylift og fjordtapas

Følg Loen Skylift til 1011 m.o.h, og opplev den majestetiske utsikta over fjord og fjell. På toppen står Hoven Restaurant klar med lokale tapas-rettar.
Kr 745 per pers.

 
BB20161007_HovenLoen_DSC06291.jpg

Pakke 2: Loen Skylift, guida fjelltur og fjordtapas

Loen Skylift til 1011 m.o.h., deretter ein lett og fin vandretur i høgfjellet med guide (1,5 t.). Ein lokal tapastallerken står klar til dykk i Hoven Restaurant etter turen.  
Kr 1.045 per pers.

 
norwegen-16_455_1000.jpg

Pakke 3: Via Ferrata, fjordtapas og Loen Skylift

Ein erfaren guide tek deg med i Via Ferrata Loen til 1011 m.o.h. I Hoven Restaurant står ein velfortent lokal tapastallerken og ventar dykk. Så tek vi enklaste veg ned - med Loen Skylift. 
Kr 1.570 per pers. 

Andre alternativ og menyar er tilgjengelege. Ordinære opningstider finn du her. Arrangement utanom ordinære opningstider etter nærare avtale.

Kontakt oss for andre menyar, meir informasjon eller bestilling
E-post: post@loenskylift.no  | Tlf. 57 87 59 00

Ynskjer du å kjøpe gåvekort? Felles gåvekort for Loen Skylift, Loen Active, Hoven Restaurant, Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord finn du her.