Opplev hoven med guide

pakkepris med guide, loen skylift og niste eller lunch i hoven restaurant

Bli med våre erfare guidar frå Loen Active på tur i fjellet. Fjelltur, Via Ferrata Loen eller kanskje ein trugetur dersom dersom det er snø. Ta kontakt så finner vi det som passar for deg. Pakkane gjeld for minimum 4 påmelde. 

 
 

Pakke: Via Ferrata Loen og Loen Skylift (5-6 t.)

Ein erfaren guide tek deg med i Via Ferrata Loen til 1011 m.o.h. Så tek vi enklaste veg ned - med Loen Skylift. Sikringsutstyr er inkludert. Turen kan kombinerast med lunsj eller middag i Hoven Restaurant. 

Pris frå 1.270 p.p.


BB20161007_HovenLoen_DSC07989_1800.jpg

Guida tur: Hoven Panorama med nistepakke eller lunsj (totalt 3,5 t.)

Opplev fjellet på ein godt tilrettelagt sti til Skredfjellet eller Gjølrunden, med panoramautsikt mot fjord og fjell. Vi avsluttar i Hoven Restaurant & Bar. Møtepunkt ved Loen Active i Loen. Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke/lunsj. 

Pris: 990 / 1180 p.p. 


2016-10-22 15.52.40_1800.jpg

Fjelltur-pakke: Storerunden m/nistepakke eller lunsj (totalt 6 t.)

Vi går på veg og sti nedover til Oppheimsetra, og går på steinlagt sti opp til Nøkketjønn og vidare til Skredfjellet, og tilbake til Hoven på fin grussti. Fantastisk utsikt over fjord og fjell. Inkl. Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke. Turen kan også inkludere lunsj i Hoven Restaurant. 

Pris: 1240 / 1430 p.p. 


BB20161007_HovenLoen_DSC06541.jpg

Fjelltur-pakke: Staurinibba eller Årheimsfjellet m/niste eller lunsj (8 t.)

Ein lengre fjelltur, der du utforskar fjellområdet rundt Hoven. Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke. Turen kan også inkludere lunsj i Hoven Restaurant. 

Pris: 1340 / 1630 p.p. 


BB20170304_LoenSkylift_DSC06811.jpg

Vinter- og vårpakke: Trugetur og varm drikke i Hoven Restaurant (3 t.)

Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på,  som alle greier. Vi går ein passe lang tur, tilpassa etter gruppa sine ynskjer. Etter turen returnerer vi til Hoven Restaurant og kosar oss med noko godt i koppen. Inkl. Loen Skylift tur/retur, truger, guide og varm drikke i Hoven Restaurant. Oppmøte på Loen Active i Loen. 

Pris: 1070 p.p. 


Skreddarsaum?

Har du med deg ei gruppe, og ynskjer eit spesialtilpassa opplegg er dette enkelt å ordne. Ta kontakt så syr vi saman noko som passar til nivå og ynskje. 

BESTILLING

Loen Active  |  post@loenactive.no  |  57 87 58 00  |  loenactive.no