Eksteriør snø.jpg
2014-04-05 12.29.35_web.jpg
IMG_2958_cropweb.jpg
Eksteriør snø.jpg

Om Loen Skylift


SCROLL DOWN

Om Loen Skylift


Vi byggjer ein heilårs opplevingsarena,
med fjellet Hoven og naturen rundt som midtpunkt.

Prosjektet vert gjennomført i selskapet Hoven Loen AS der Hotel Alexandra AS, Garaventa AG, Nordfjord Kjøtt AS og Stryn kommune er dei største aksjonærane. I tillegg er fleire bedrifter og enkeltpersonar i regionen inne på eigarsida i selskapet.

Forretningsideen er å utvikle produkt- og arrangementspakkar basert på nasjonal- og regional reiselivsstrategi og naturgitte fortrinn. Pendelbana Loen Skylift som tek deg frå fjord til fjell på fem minutt er navet i besøksmålet.

Produktet har sitt utspring frå spa- og konferansehotellet Alexandra, Loen Active med klatrestien Via Ferrata, Gjølmunnebrua og motbakkeløpet Skåla Opp. Opplevingsarenaen skal utvidast med fleire fjord- og fjellkonsept.

Du startar oppstigninga til fjellet Hoven (1011 moh) frå fjorden via Fjordbygget og pendelbana. Når du kjem til toppen vil du ha eit 210 graders panoramautsyn med utsikt frå Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i syd og ut Nordfjorden og vidare mot Stryn i vest.

Det skal utviklast varierte opplevingsbaserte tilbod tilpassa ulike målgrupper. Tilbodet vil variere frå lette til utfordrande aktivitetstilbod til fots eller på ski. Loen Skylift er lokalisert nær cruisehamna i Olden, og vil også vere eit utfluktsalternativ frå hamnene i Geiranger og Hellesylt. Det vert lagt til rette for universell utforming slik at alle skal få kome seg opp på fjellet.

Prosjektet har ei investeringsråme på 267,5 millionar kroner. Det er framleis mogleg å teikne seg som aksjonær i selskapet

Årsmelding 2015 (.pdf)

PRESSE/MEDIA?

Her har vi samla nyttig informasjon for presse og media som ynskjer å skrive om Hoven og Loen Skylift. 

2014-04-05 12.29.35_web.jpg

Våre samarbeidspartnerar


Våre samarbeidspartnerar


Hoven Loen AS
Byggherre

Doppelmayr Garaventa
Pendelbane-leverandør

Ragnar Hagen
Prosjektleiar byggeprosjekt

 

PwC
Rådgjeving

Loen Active
Aktivitetsleverandør

Ottar Dvergsdal AS
Entreprenør grunnarbeid og veg

Nordplan
Prosjektering og byggeleiing

Visit Nordfjord
Marknad

Hotel Alexandra
Økonomi/marknad

Aaland Arkitektkontor /Eva Eide Koefoed
Arkitektur fjord- og fjellstasjon

Naturservice DA
Produkt- og stiutvikling

Utmarksressurs AS Stibygging

IMG_2958_cropweb.jpg

Samfunnsansvar og bærekraft


Samfunnsansvar og bærekraft


Hoven Loen har som mål å vere eit samfunnsnyttig og bærekraftig prosjekt.

  • Vidareutvikle lokalsamfunnet sine historiske tradisjonar og særpreg

  • Eit folkehelsefremjande aktivitetstilbod for alle

  • Vidareutvikle landskapskvalitetar (fysiske og visuelle omsyn)

  • Unngå inngripen i verna naturområde

  • Pendelbane med miljøvenleg teknologi og minimale utslepp til luft og vatn (lavt energiforbruk)

  • Energivennlige løysingar i bygningsmasse

  • Eit aktivitetstilbod som styrker livskvaliteten til lokalsamfunnet

  • Gode og trygge arbeidsforhold for tilsette og samarbeidspartnarar

  • Maksimere verdiskaping gjennom samarbeid med andre reiselivsaktørar og handelsnæringa

  • Universell utforming