Med panoramautsikt heilt på kanten av stupet finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer i ein rikhaldig À la carte meny. Vi tilbyr eigne gruppemenyar. 
 
Etter ein lang dag på fjellet er Hoven Bar staden å vere. Med intimt innemiljø og stor uteterrasse byr vi på snacks og smårettar i følgje med varm og kald drikke (alle rettigheter). 

Ope dagleg frå kl 10:00-17:00.

Ved større arrangement må noko ventetid påreknast. Ein kan då vente i bar-området. Ta gjerne kontakt på førehand. 


Arrangement, samlingar, feiringar, firmaturar o.l.

Hoven er staden å vere for vennegjengen, storfamilien, kollegaer eller kundar. For grupper på minimum 10 personar tilbyr vi gode pakketilbod med Loen Skylift, aktivitetar og servering. På førespurnad opnar vi utanom ordinær opningstid. Ta kontakt, så hjelper vi deg. 


 Kontakt oss for bestilling og bordreservasjon: 
post@loenskylift.no  +47 57 87 59 00
eller bruk vårt kontaktskjema: 

Det er plass til 300-350 personar i restauranten. 

Arkitektane bak bygga er Aaland Arkitektkontor i samarbeid med Eva Eide Koefoed.