Ei gamal segn seier at Hoven har namnet sitt etter Odin sin hest Sleipner, som på tur over fjellet slo hoven sin borti og etterlet seg det kraftige avtrykket i fjellsida som er så tydeleg å sjå i dag. Ingen veit om det er heilt sant, men det som er heilt sikkert, er at utsikta her oppe er like mektig og magisk no som før. Forskjellen er at no er ho tilgjengeleg for absolutt alle - ikkje berre gamle gudar og spreke fjellfolk. 

 

Odin og Sleipner
 

Sagnet seier at guden Odin, med hesten Sleipner, som hadde åtte føter, hoppa frå Auflemfjellet og over Lobukta til toppen av fjellet ved Lostranda som i dag heiter Hoven.

På denne stormfulle dagen kom dei farande rundt Auflemåsen mot Lohøgdene og ville ta snarvegen over Lobukta mot fjelltoppen over Lostranda. Guden rette inn Sleipner på ei høgde oppe i lia og venta på eit realt stormkast som kunne ta tak i Sleipner og løfte dei til vers. 

Brått kom eit lynglimt og sterke stormkast, og Sleipner miste fotfeste og vart løfta høgt ut frå lia. Kast i kast vart dei virvla rundt. Dei nerma seg fjellet Skåla. Der inne i dalen var det rolegare, og dei sneia så til sides mot den avrunda fjelltoppen lenger vest – fjellet over Lostranda.

Dette kom brått på, og Sleipner måtte bråstoppe og kom i ubalanse, men sette dei åtte hovane hardt ned og fekk grep nær kanten av fjellet, men sparka laus ein stor bit.

Odin -  kunnskapens og visdommens gud

Odin (norrønt: Óðinn) er ifølge norrøn mytologi den mektigaste og klokaste av gudane. Han er både rekna som gudane sin høvding og høvdingane sin gud. Han er gift med Frigg, den mektigaste gudinna i Åsgard. 

Hugin og Munin

Hugin (Tanken) og Munin (Minnet) er to ramnar som flyr over både menneska (Midgard) og gudane (Åsgard) si verd medan dei observerer kva som blir sagt og gjort. Når natta kjem set dei seg på skuldrane til Odin og kviskrar til han kva dei har observert. Difor blir det sagt at Odin er den klokaste guden av dei alle.

Kabinane som fraktar folk frå fjorden og opp til Hove har fått namn etter desse ramnane - Hugin og Munin. 

Foto: Bård Basberg

Foto: Bård Basberg