Laurdag 1. juli startar ny sesong for Loen Shuttle - den enklaste måten å kome seg rundt i Loen og Lodalen.

Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken. Bussen vil ha sju daglege avgongar; fire gjennom Lodalen til Kjenndalstova og tre til Oppheim.

Enten du ønskjer å gå til Rakssetra, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle. Med ein fleksibel dagsbillett kan du reise så mykje du vil.

Det er aktivitetsselskapet Loen Active AS står for drifta. Sjølve idéen er eit resultat av arbeid i prosjektet “Destinasjonsutvikling Loen og Lodalen”, der Hotel Alexandra, Stryn kommune og fleire reiselivsbedrifter siste åra har engasjert seg i utviklinga av området.

Målet er mindre trafikk, redusert miljøavtrykk og ein tryggare veg, til glede for alle som brukar vegane.

Les meir og sjå rutetider