Rett ved Loen Skylift finn du eit av Norges flottaste spa-hotell, og like ved eit koseleg uformelt hotell ved den brusande Loelva og nye leilegheiter. Her bur du midt i smørauget for opplevingar i høgfjellet, og rundt om i regionen.

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra er eit tradisjonsrikt og familiedrive hotell i Loen, med utsikt over fjorden i Loen og mot Skåla (1848 m.o.h.). Hotellet er omkransa av høge fjell og mektig natur. Alexandra er moderne, og kjend for si særeigne og personlege atmosfære. Hotellet har 206 rom i 7 kategoriar. Fasilitetane inkluderer fleire restaurantar og barar, gåvebutikk, Alex Dancing med orkester, vinkjellar. Hotellet har også ei stor bade- og SPA-avdeling med eit breitt spekter av velværebehandlingar for kropp og sjel. Innandørs og utandørs symjebasseng og vannsklie, samt barnebasseng. Hotellet har også treningssenter. alexandra.no

Hotel Loenfjord

Hotel Loenfjord er eit koseleg og uformelt hotell som ligg idyllisk til ved Loelva og Nordfjorden. 137 doble rom med dusj / bad og TV. Fiskekroken Restaurant & Bar serverer a la carte heile sommaren. Restaurant Karjolen i 2. etasje har plass til 260 personar. loenfjord.no


Loen Apartments

Bu godt i nye leilegheiter, nær sentrum med gåavstand til busstopp, butikk, restaurantar og Loen Skylift. Ein perfekt base for gode feriedagar i fjordbygda. loenapartments.no

For andre overnattingstilbod sjå nordfjord.no