Driftsleiar Per Helge Bø har vore sentral i prosessen for sertifiseringa av Loen Active.

Loen Skylift og Loen Active har no fått beviset på gjennomført sertifisering som Miljøfyrtårn. Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord og Hoven Restaurant har også oppnådd Miljøfyrtårn-utmerkinga.

Vi forpliktar oss med dette til å jobbe endå meir målretta med å stadig forbetre miljøprestasjonar innan områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp, og transport. Dette gjev oss gode føresetnader for å bidra til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.

Prosessen starta i desember 2021 som eit fellesprosjekt for alle bedriftene i Alexandra-konsernet, og den siste bedrifta vart sertifisert i byrjinga av november 2022. Enøk-senteret i Ørsta har vore rådgjevar fram mot ferdig sertifisering. Ein sentral representant frå kvar bedrift har vore ansvarleg for gjennomføringa, i samarbeid med overordna prosjektleiar i konsernet. Innovasjon Norge har bidrege med midlar til sertifiseringsprosessen.

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn-ordninga er drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn, og er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Over 9000 verksemder er sertifisert som Miljøfyrtårn – frå små og mellomstore enkeltverksemder, til store konsern og kommunar.

Miljøfyrtårn-sertifiseringa er anerkjend av myndigheitene ved offentlege innkjøp, og godkjent som miljødokumentasjon i anbodskonkurransar. Miljøfyrtårn er den første nasjonale ordninga i Europa som er blitt anerkjent av EU.

Ei mengde kriteriar må vere oppfylt for verksemdene innanfor dei ovannemnde områda, og alt må dokumenterast. Kvart år må bedriftene rapportere på måloppnåing, og ein må re-sertifiserast kvart tredje år for å behalde sertifiseringa.

Kva vil dette seie for bedriftene?

Sertifiseringa som Miljøfyrtårn skal bidra til å styrke konkurransekrafta og tryggje arbeidsplassane, samt bidra til grøn omstilling og heve kvaliteten på det vi tilbyr.

Sertifiseringa har som mål å gjere bedriftene i konsernet endå meir berekraftige innan område som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Dette arbeidet kjem til å halde fram systematisk og langsiktig, med tiltak som vil forbetre vårt bidrag til miljøet, og dermed bidra til ei grøn og berekraftig framtid.

Varaordførar Torstein Tvinnereim tok turen til fjells for overrekking av beviset for Miljøfyrtårnsertifiseringa til Loen Active og Loen Skylift.

Assisterande driftsleiar Sondre Nesje har leia arbeidet med sertifiseringa av Loen Skylift, i samarbeid med overordna prosjektleiar for konsernet. Her flankert av varaordførar Torstein Tvinnereim.

Prosjektleiar for sertifiseringa av alle bedriftene Janne Elin Alsaker, driftsleiar Loen Active Per Helge Bø, varaordførar Torstein Tvinnereim, dagleg leiar Loen Active Erik Brendefur og assisterande driftsleiar Sondre Bø Nesje under overrekkinga.