Det tikka inn eit tips om eit spektakulært pepperkakeprosjekt i nærområdet, og vi vart mållause når vi fekk sjå juleprosjektet.

I to månader har Lene Kristin, Ingar og Annelise teikna, konstruert, kjevla og lima. Dei har hatt det moro, men som i alle byggeprosjekt kan det også oppstå frustrasjon og uventa utfordringar. Dei har hatt byggeprosjekt andre år også, men i år var det altså Loen Skylift og Hoven Restaurant som skulle byggast. Og for eit resultat!