Ti deltakarar med ulike funksjonsutfordringar la i fjor sommar ut på ein uforgløymeleg tur frå Lindesnes til Nordkapp på doble tandemsyklar.

Prosjektet «Tandemeventyret» byrja som ein umulig idé, men enda opp som ei unik og inspirerande reise.

Initiativtakar og eldsjel Yoo Lene har i mange år leia aktivitetsgrupper for menneske med nedsett funksjonsevne. I 2022 la ho og treningsgruppa ut på ei eventyrlig reise gjennom landet. Det er eit dugnadsprosjekt der deltakarane får sitt livs største, men også mest krevjande oppleving.

Ein fan av gjengen tok kontakt med oss, med ynskje om å gje dei ei høgfjellsoppleving i tillegg til landevegen, så vi sende den blide gjengen til fjells. Ikkje alle var like glade i store høgder, men alle vart heldigvis med.

Sjå serien her.

Klare for avreise frå Loen.