Bli med på ein dagstur i høgfjellet, frå Hoven via Skredfjellet, til Nøkketjønn, vidare til Årheimsfjellet og tilbake til Hoven, med fantastisk utsikt over fjord og fjell. For dei som ynskjer høgare tempo passar denne turen fint for fjelløping. Turen inkluderer Loen Skylift tur/retur og guide. Turen kan kombinerast med lunsj i Hoven Restaurant. 

Pris: NOK 2190

Turbeskrivelse

Bli med på ei vandring i høgfjellet på grussti, steintrapper og krøtterstiar, frå varde til varde. Vi startar på fin grussti til Skredfjellet, og går vidare vestover til Nøkketjønn, og vidare til turmålet på Årheimsfjellet over Stryn. Retur er same veg.      

Praktiske opplysningar

  • Oppmøte: Loen Active butikken i Loen.

  • Ankomst Hoven (1011 m.o.h.) med Loen Skylift.

  • Tid: 6 timar (4-5 timar vandring)

  • Lengde: 12,6 km / 680 høgdemeter

  • Vanskegrad: Krevjande med hensyn til lengde, men dei med normal fysisk god form greier det. Gruslagd sti, steintrapper og sti i terreng.

  • Alder: Anbefalast frå 12 år og oppover. Born må kunne gå avstanden sjølve.

  • Ta med: Vatn, fjellsko (kan leigast), varme klede, vanntett jakke, niste/snacks (baguett kan førehandsbestillast seinast dagen før for NOK 75).

  • Tilgjengeleg: Mai/juni - oktober.

  • Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant & Bar, og gjesten har valfri returtid med Loen Skylift (merk opningstider).

  • Inkludert: Guide og Loen Skylift t/r.

  • Min. antal personar for å gjennomføre turen: 4 personar. Maks 15 personar per guide.

Tilbake til pakkane.

send bestilling/førespurnad