Påskeferie i Loen byr på det beste frå både fjord og fjell. Aking, topptur eller berre nyte sola på fjellterrassen? Vi diskar opp med god mat, aktivitetar, musikk og god stemning. Kalenderen er innhaldsrik og variert denne påska. På Hotel Alexandra bur heile familien godt og komfortabelt, med mykje moro på programmet. Loen Skylift og Hoven Restaurant held ope dagleg heile påska.

 

Dette skjer i påska 2024

Kvar dag heile påska: Påskerebus
22. mars:
Kahoot fredagsquiz
Onsdag 27. mars:
Holko & Hauge
Skjærtorsdag:
Moro og magi og AfterAk / AfterSki
Langfredag:
Kahoot Familiequiz og AfterAk / AfterSki
Påskeaftan: Moro og magi og AfterAk / AfterSki

Sjå heile kalenderen her.

 

Opp i påskefjellet!

På kun 5 minutt er du komen frå fjordnivå til påskefjellet, og kan ake, leike, gå på tur i preparerte vandreløyper, gå ein trugetur eller topptur på ski. Du kan også roe heilt ned og berre nyte påskesola.

 

Aktivitetar

På Hoven kan du ake, leike i snøen, gå tur i preparerte vandreløyper, gå topptur eller trugetur. Fjellbutikken i 2. etg på fjellstasjonen held ope dagleg i påskeferien frå 10:00-17:00 med utleige av kjelkar, truger, snøfjøl og vinterbekledning. Vi anbefaler også eit besøk i snøhola. Sjå også kalenderen vår.

 

Innekos, mat og stemning

Med panoramautsikt heilt på kanten av fjellet finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer frå ein rikhaldig À la carte meny.

 

Student? Få 25% rabatt

Heile påska får studentar 25% rabatt på billett tur/retur eller ein veg. Billett med rabatt får du kjøpt i billettluka i Fjordshop ved å vise studentbeviset ditt. Så ta ein velfortent pause og få litt frisk fjelluft.

 

Bu godt

Rett ved Loen Skylift finn du eit av Norges beste hotell. Her bur du midt i smørauget for opplevingar i høgfjellet, og rundt om i regionen. Hotel Alexandra har gode pakkeprisar i påskeferien, og eit rikhaldig program for små og store. Gjestar på hotellet får spesialpris på turen med Loen Skylift.