19. mai feirar Loen Skylift 1 år, og vi inviterer til bursdagsfeiring for både store og små. På dagtid blir det show, konsert, tur med Barnas Turlag, og mykje meir for alle besøkande på Hoven. På kvelden endrar vi modus, og lagar fest med konsert på taket, og DJ og mat-torg i restauranten. Eigen billett må kjøpast for kveldsarrangementet. 

Vi håpar flest mogleg vil feire 1 års dagen saman med oss!

FAMILIEDAG

Vilde-og-anna.png

På dagtid vil det vil det vere mykje som skjer slik at både store og små kan kose seg. Aktivitetane og show vil vere gratis for alle som har billett på Loen Skylift (t/r, dagskort, årskort osv.)

BB20170520_+àpningLoenSkylift_DSC00476.jpg

PROGRAM VED FJORDSHOPEN
Kl 10:00-15:00
Utstilling av brann- og ambulansebilar ved Fjordshopen. Ansiktsmåling for dei minste borna (0-10 år). 

PROGRAM PÅ HOVEN
Kl 10:00-15:00: Barnas Turlag arrangerer Natursti! Maskoten "Tempo" kjem på besøk. Barnas Røde Kors held stand med fokus på sikkerheit og førstehjelp. 

Kl 13:00-13.30: Klovnen Knut held show frå scena på takterrassen.

Kl 14:00-14.30: Vilde og Anna frå MGPjr held konsert frå scena på takterrassen.

Det vil bli luftssportsaktivitet dersom veret tillet det, samt mat å få kjøpt på utegrillen. Hoven Restaurant vil sette opp eigen lunsjmeny. I tillegg vil det kome nokre spanande overraskingar! Bestill gjerne bord i restauranten. 

Følg med på Facebook.

FESTKVELD

På kveldstid blir det fest med rock'n roll og DJ! NB! Det er 18 års aldersgrense på kveldsarrangementet.  

Det er kun mogleg å kjøpe billett på web fram til 18.mai kl 23.59. Den 19. mai vil det kun vere mogleg å kjøpe billett i billettluka på Fjordshopen. Det er framleis billettar igjen.

PROGRAM (inkl i billettpris kveldsarrangement)
17:00-19:00: Registrering og utdeling av billettar
18:00-20:00: Loen Skylift køyrer gjestar opp
20:00-21.30: Aperitif og mattorg
21:00: Ping Pong klubbens mannskor held konsert
22:00-23.30: Heine Totland & Rock`n Roll Circus spelar på taket
24:00-02:00: DJ Phongsak og god stemning i Hoven Restaurant
03:00: Siste bane ned

OM UNDERHALDNINGA
Ping Pong klubbens mannskor held sin største konsert i si relativt korte historie. Øvinga er i full gong under Endre Bø si kyndige leiing. Vi gler oss!

BB20170520_+àpningLoenSkylift_DSC01441.jpg
BB20170520_+àpningLoenSkylift_DSC01122.jpg

Etter musikalen "Buddy Holly The Musical", har Heine Totland & Rock`n Roll Circus hatt mange konsertar. Her blir det rock frå 50-60 talet, speleglede, mykje energi og dei skapar ein perfekt festkveld for gjestar i alle aldrar.

MATTORG
Det blir ulike matstasjonar inne i Hoven Restaurant og utandørs. Her blir det noko for einkvar smak! Mattorget og aperitif ved ankomst er inkludert i billettprisen. 

BILLETTAR KVELDSARRANGEMENT (AVHENGIG AV KVA BANEBILLETT DU YNSKJER/HAR)
Alternativ 1: 1 års fest for dei som har årskort bane, kr 990.
Alternativ 2: 1 års fest med tur/retur billett bane, kr 1390.
Alternativ 3: 1 års fest med dagspass bane, kr 1550 (passar for dei som også ynskjer å delta på dagarrangementet "Familiedag på Hoven 19.mai")

Kjøp billett til kveldsarrangementet her!

Følg med på Facebook