BB20170304_LoenSkylift_DSC06558.jpg
BB20170304_LoenSkylift_DSC06588.jpg
BB20170304_LoenSkylift_DSC07613.jpg
Rondane-042006-99-2438_2200.jpg
fn639d-hm-4256x2832-240_1800.jpg
BB20170304_LoenSkylift_DSC06558.jpg

Vinter og vår


SCROLL DOWN

Vinter og vår


Til Hoven kjem du deg heile året, og på vinteren kan du også ta med ski. Toppturar og trugeturar vil det bli mange av her oppe. Og litt utpå vinteren lagar vi langrennspor. Når det er fullmåne mellom november og februar blir det kanskje måneskinnstur på Hoven. Kveldshimmelen er fantastisk her oppe på fjellet. 

Topptur

Langrenn

Trugetur

Vinterpark

BB20170304_LoenSkylift_DSC06588.jpg

Trugetur


Trugetur


Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, på ein måte som alle greier. Loen Active tilbyr guida trugeturar med utgangspunkt frå Hoven og Loen Skylift. Her kan du oppleve fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter og våre erfarne guider vil tilpasse turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter trugeturen kan vi varme oss i Hoven Restaurant.Truger får du leigt hos Loen Active, og du kan også få med deg guide. Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid. 

 
BB20170304_LoenSkylift_DSC06916.jpg

Pakke: Guida trugetur på Hoven

Ein passe lang tur med truger på beina, tilpassa etter gruppa sine ynskjer.  Varm drikke i Hoven Restaurant etter turen.

BB20170304_LoenSkylift_DSC07613.jpg

Topptur


Topptur


Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Hugs at all ferdsel er på eige ansvar, og pass på at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i fjellet, eller ta med ein kyndig guide. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og les deg opp på sikkerhetstips for norske fjell

Guida topptur med Breogfjell IFMGA tindevegledere

Loen Active tilbyr guida toppturar frå Loen Skylift i samarbeid med Breogfjell og andre guidefirma, og under presenterer vi alternativ av ulik vanskegrad og lengde.

Kort tur
Frå toppstasjonen går du 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan ein velge ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 meter avhengig av snø- og værforhold, og ferdighetsnivå. 

Medium til lang tur
Frå toppstasjonen må ein først gå 400 høgdemeter til Staurinibba. Denne toppen byr på 600 høgdemeter nedkøyring med fjordutsikt til Lohøgsætra. Frå denne stølen kan ein enten gå opp igjen til Hoven, og halde fram nedkøyringa til Loen, eller gå for ei ny bestigning av Sundshyrna, Dispahyrna eller Geitafjellshyrna. Desse toppane byr på opptil 1600 høgdemeter nedkøyring til Strynedalen (motsatt side av Loen), og på slutten av dagen vil du ha stått over 2000 meter ned på ski og kun gått opp 1400.

Lang til meget lang tur
Det første alternativet startar ved å bruke heisane til Stryn Vinterski opp til 1000 m.o.h. Herifrå går vi vidare opp til Natakupa (400 høgdemeter) før vi køyre ned opptil 1300 høgdemeter til dalen. Etter lunch på ein av dei koselege kafeane i Stryn sentrum tek vi taxi til Loen Skylift og velger oss eit av alternativa som er beskrevet over. Dersom snøforholda ligg til rette kan vi få opp til 3300 meter nedkøyring denne dagen.

Det andre alternativet byr på den spektakulære Hoven – Storskredfjellet traversen. Har du køyrt ned frå Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn den toppen er Storskredfjellet og Breogfjell kan ta deg med på ski ned den breen. Turen byr på fleire valg. Det kortaste krever 1400 høgdemeter oppstigning og gjev 2100 meter nedkøyring. Det er også muligheter for å legge inn fleire kortare nedkøyringar og oppstigningar i fleire av dalane og rennene ein passerer på traversen mot Storskredfjellet. 

Prisar på førespurnad. Kontakt Loen Active for tilbod

Ynskjer du å gå på eiga hand?

Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Hugs at all ferdsel er på eige ansvar, og pass på at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i fjellet, eller ta med ein kyndig guide. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og les deg opp på sikkerhetstips for norske fjell

Kart over området kan kjøpast her.

Kart over området. MERK: Dette er eit kart over vandrestiar om sommaren.

Kart over området. MERK: Dette er eit kart over vandrestiar om sommaren.

Rondane-042006-99-2438_2200.jpg

Langrenn


Langrenn


Frå toppen av Loen Skylift vil det etterkvart bli ca 10-15 km med preparerte tur- og langrennsløyper. Utsikta er i verdsklasse, med fjord, fjell og bre i skjønn forening. 

Forholda vil variere etter snømengde og ver. Etter turen er du velkomen til Hoven Restaurant for mat og forfriskningar, før returen til låglandet med Loen Skylift. Hugs eige langrennsutstyr, varme og vind/vanntette klede, lue, hanskar. Kurs/instruktør kan skaffast på førespurnad. 

Status 19.01.2018: 
Status forholda på Hoven for helga 19.-21. januar: Vi har køyrt spor til Skredfjellet, ca 4 km tur/retur. Fine turforhold. 

Foto: Terje Rakke/Nordic Life

fn639d-hm-4256x2832-240_1800.jpg

Vinterpark Hoven


Vinterpark Hoven


Vinterpark på Hoven er under utvikling. Vi vil dele tilbodet i ein familiebakke som er gratis og tilgjengeleg for alle, og ein meir fartsfylt akebakke der du må leige kjelke og hjelm frå Loen Active. 

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta på Hoven Restaurant med noko å drikke eller å bite i, før returen til låglandet med Loen Skylift.

Status Vinterpark 12.01.2018:
Det er fine vinterforhold for generell leik og aking. Vi forventar å ha akebakke og vinterpark klar tidleg i februar.

 
fn639d-hm-4256x2832-240_1800.jpg

Vinterpark Hoven

Prøv vår fartsfylt akebakke på Hoven. Inkluderer leige av kjelke og hjelm.