BB20161007_HovenLoen_DSC06291.jpg
Falkeblikk 2014.jpg
Fasade Hotel Alexandra.jpg
BB20161007_HovenLoen_DSC06291.jpg

Vandring


SCROLL DOWN

Vandring


Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven. Arbeidet med å forbetre og tilrettelegge desse er i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Alle stiane vert skilta og merka etter internasjonal standard. Stiane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur.  

Eksempel på turar frå Hoven

Gjølrunden. Foto: Bård Basberg

Gjølrunden. Foto: Bård Basberg

Gjølrunden 2,2 km / 120 høgdemeter
Enkel rundtur. Godt tilrettelagd med trapper i naturstein. Kupert med nokre korte bratte parti. Kom nær inn på spektakulær og dramatisk natur, med panorama mot fjell, bre og fjord. Høgste punkt er på 1120 moh. Frå dette punktet har ei fantastisk utsikt til fjorden i vest og mot Jostedalsbreen i sør. Krydra med eit 360-graders panorama av fjell og dalfører. Vidare mot vest kjem ein inn på tursti mot Skredfjellet, og kan returnere til Hoven eller gå vidare mot skredfjellet.

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

Skredfjellet - 2 km ein veg / 155 høgdemeter
Enkel tur som er godt tilrettelagd med grus. Nokre bratte parti, men det er mulig å trille barnevogn. Mot slutten av turen er det mindre kupert og med fleire flate parti. Flott utsikt mot fjorden i sør, og Strynedalføret og fjellheimen i nord. Vardane viser veg. Utsikt og panorama blir berre betre dess nærare ein kjem målet for turen.

Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

Rundtur Skredfjellet - 7,9 km / 500 høgdemeter
Middels vanskegrad. Varierande dekke, grus, steintrapper, høgfjells-sti og veg. Kom deg litt lenger ut i fjellheimen - over Skredfjellet (som turen over), via Nøkketjønn og tilbake til Hoven på grusveg. Bortetter ryggen får ein panorama mot fjell, fjord og bre. Ein passerar vardar som viser veg, bekkar, små tjønner og fine utsiktspunkt som innbyr til ein rast. Før ein vender tilbake mot Hoven passerar ein Oppheimssetra. 

Klikk her for nyttige tips om sikkerhet i fjellet.  

Falkeblikk 2014.jpg

Via Ferrata Loen


Via Ferrata Loen


Via Ferrata Loen er ein nybygd klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste i Via Ferrata brua i Europa. Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Brua vart opna i august 2013. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Meir info: loenactive.no


norwegen-16_412.jpg

PAKKE: Via ferrata Loen og Loen Skylift

Ein erfaren guide tek deg med i Via Ferrata Loen til 1011 m.o.h. Så tek vi enklaste veg ned - med Loen Skylift. Sikringsutstyr er inkludert. Turen kan kombinerast med lunch eller middag i Hoven Restaurant. 

Pris frå 1.270,-


Fasade Hotel Alexandra.jpg

Hotel Alexandra


Hotel Alexandra


Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell med historie heilt frå 1884. Hotellet ligg rett under fjellet Hoven, kun 500 meter frå fjordstasjonen. Alexandra er kjend for særeigen og personleg atmosfære, og fristar med den store Alexandra-Buffeten og Alexandra Bad & Spa. Hotel Alexandra si store kongressavdeling har fleksible og tilpassa løysingar for kurs og møter, og kursverten sørgjer for at alt fungerer som det skal. Dei har gode tilbod for barnefamiliar og familieselskap,men også stille "oaser" for deg og din kjære.