Offisiell opning av Loen Skylift 20. mai 2017, med H. M. Dronning Sonja til stades. Ordinær drift frå 21. mai kl 09:00. 

opningstider 2017

Ope for grupper utanom ordinære opningstider etter avtale. Vi tek forbehold om endringar i opningstidene.

 

Prisar loen skylift 2017

Merk følgande:

  • Du kan kjøpe billettar i webshop, på automat og i skanke.  
  • Årskort kan kun kjøpast på billettkontoret ved personleg oppmøte. 
  • Dags-, todagers- og tredagerspass er personlege og kan kun nyttast av ein person. 
  • Ambassadørkort gjev rett til å kjøpe tur/retur, envegs og dagspass til 50% (ikkje sesongkort eller gruppekort etc). Kortet er kun til eige personleg bruk. Gyldighetstid: Eitt år frå kjøpsdato. Du må kjøpe keycard og billett i tillegg ved kjøp av ambassadørkort.                  
  • For generelle kjøpsvilkår sjå dette dokumentet

Fakta om Loen Skylift

  • Det er plass til 40-45 passasjerar i kvar vogn (2 stk).
  • Turen tek 5-7 minutt kvar veg.
  • Bana går kontinuerleg i opningstida, utan faste avgongstider.
  • Billettar vert å få kjøpt på nett, i skranke ved inngong og på automat. 
  • Det er universell utforming i bana og bygningane knytt til Loen Skylift. Dette vil seie at heile anlegget er handicapvenleg. 
  • Loen Skylift er ei pendelbane, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned.

Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.

Foto: Andris Potass

Foto: Andris Potass