Er Loen Skylift open? Sjå opningstider her. Grupper kan bestille utanom ordinære opningstider.

Må vi bestille billett på førehand, eller er det berre å møte opp? Du kan kjøpe billett på denne linken, men du kan også kjøpe på automat eller i Fjordshop ved ankomst. Billettane er ikkje knytt opp mot tidsbestemte avgongar, så billetten er fleksibel på når du ynskjer å ta bana opp eller ned. Gyldighetsdato står på billetten (sesongstyrt).

Kva er opningstider og prisar på bana og restauranten?denne linken finn du full oversikt over opningstider og prisar

Kor ofte går bana? Loen Skylift har avgong minimum kvar heile og halve time. Ved stor pågong køyrer vi kontinuerleg heile dagen utan faste avgongar. Opningstidene våre finn du på denne sida.

Må eg bestille bord i restauranten? Dersom du planlegg å ete i restauranten må du bestille bord. Du bestiller bord enkelt her.

Kan eg ake ned frå Hoven? Vegen til Oppheim blir trakka med jamne mellomrom om vinteren for å ha ein anleggsveg for frakt av utstyr og evakuering. Når forholda ligg til rette er dette ein fantastisk akebakke - faktisk Norges lengste! Loen Skylift tek ikkje ansvar for sikkerheita eller at vegen er trakka til ei kvar tid.  All ferdsel i vegen skjer på eige ansvar. Vi ber dei som planlegg å bruke vegen om å vise hensyn til andre ved å tilpasse farten. I vegen kan ein møte maskiner, vandrande, skigåarar og folk som akar. Vegen går gjennom noko skredutsatt terreng, alle bør difor vurdere skredfaren og sjekke varsom.no. Når snøforholda tilseier det er det godt tilrettelagt for aking på toppen av Hoven også.

Kvar kan vi overnatte? Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord og Loen Apartments ligg like ved Loen Skylift.

Er det mulig å gå fjellturar frå toppen? Ja, vi har tilrettelagt for mange fine skilta fjellturar frå toppen av Loen Skylift. Informasjon om stiane finn du på denne sida, og du kan også ta med deg eit turkart når du kjem. I tillegg finn du infotavler på staden.

Korleis får eg kjøpt billettar til ziplina? Billett til ziplina kjøper du på i 2. etg. i fjellstasjonen i ziplina sine opningstider (kun sommarhalvåret). Deretter går du ut av bygget, og du vil då sjå ziplinene når du kjem bak hesteskoen (ca 400 meter frå hesteskoen). Gå snarvegen ned bak hesteskoen, eller hald til venstre og følg den breiaste vegen bakover i fjellet. Sesongbasert. Les meir her.

Kan eg gå ned frå/opp til Hoven, og kor langt er det? Grusvegen frå Hoven til Oppheim er 7,8 km lang. Du går då ned/opp ca 700 høgdemeter. Deler av vegen kan du ta snarvegar på sti. Frå Oppheim må du følge asfaltveg tilbake til Loen (ca 6 km, ca 300 høgdemeter). Du kan bestille returtransport frå Oppheim med Stryn taxi eller Olden taxi, eller bruke eigen bil og parkere på Oppheim på oppmerka parkeringsplass rett før bommen (parkeringsavgift 75,-). Eit oversiktskart over området finn du her. Om du vil ta bana den eine vegen kjøper du einvegsbillett.

Er det mykje kø når det er mange gjestar? Sidan vi tilpassar avgongane etter pågong er det sjeldan lang ventetid på bana.

Kan eg ta med barnevogn? Ja, det kan du. Bana og alle tilhøyrande bygningar er tilpassa for dette. Barnevogn er gratis å ta med.

Kan eg ta med hund? Ja, det kan du mot eit lite gebyr (sjå prisliste). Om du vil ete i restauranten kan hunden vere med i vest-delen av restauranten eller på terrassen. Hunden må vere på golvet heile tida. Førarhundar er tillete i heile restauranten. Av hensyn til andre gjestar og beitande dyr må hunden vere i band heile tida. Det er generell bandtvang mellom 1. april og 15. oktober.

Kan vi få guida tur i fjellet? Ja, Loen Active tilbyr guida fjellturar. Klikk her for meir informasjon. 

Kva vêr er det på Hoven i dag? På vår live-side finn du webkamera, info frå vêrstasjon og vêrmelding. 

Er det tilrettelagt for rullestol i anlegget? Ja. Heile anlegget er universelt utforma, og dermed handicapvennlig og tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dei som planlegg å bestille bord i restauranten vert bede om å gje beskjed på førehand om evt. bruk av rullestol slik at restauranten kan tilrettelegge best mogleg.

Kan eg låne vekk årskortet/sesongkortet mitt? Nei, årskort, sesongkort og dagskort er personlege og kan ikkje lånast ut til andre. Ved misbruk vil kortet bli sperra. Det blir kontinuerleg gjennomført kontroll via billettsystem og video, samt billettkontrollar på perrongane.

Tilbyr de honnør- og studentbillettar? Nei dessverre, det gjer vi ikkje ikkje. Skuleklassar i grunnskule kan få eigen avtale.

Er det kleskode i restauranten eller i Loen Skylift? Alle gjestar må unngå bar overkropp/bikini o.l. i restauranten og på den tilhøyrande uteterrassen, samt under transport i Loen Skylift. Dei som har klatra Via Ferrata Loen skal la klatreutstyret ligge på golvet eller henge det utanfor restauranten.

Kan eg betale med Vipps? Førebels kan du ikkje betale med Vipps hos Loen Skylift (billettar) og i Hoven Restaurant. Loen Active tilbyr betaling med Vipps på sine aktivitetar samt Fjordshop (utanom billettar til Loen Skylift).

Kor lenge kan eg vere på toppen med ein t/r billett? Billetten er ikkje styrt på klokkeslett, så du vel sjølv returtid. Ver obs på våre opningstider.

Kor lenge varer eit dagskort? Dagskortet gjeld kun den dagen det er tatt i bruk (ikkje 24 timar). 2- og 3 dagers kort gjeld kun påfølgande dagar.

Kan eg fly drone på Hoven? Droner er farlege i samband med luftsport, og vi ber alle som flyr droner om å forholde seg til Luftfartstilsynet sine reglar og retningslinjer for droneleik. Eigne reglar gjeld for droner som blir nytta til nytte eller kommersielle formål der operatør har spesielle løyve. Uforsvarlig flyging vil bli meldt til Luftfartstilsynet og/eller Politiet.

  • Hald ein avstand på minst 150 meter frå folk, bygningar og trafikk (på vegar, på sjøen og i lufta).

  • Du skal alltid kunne sjå drona. Maksimal flyhøgde er 120 meter over bakken. Flyging med droner i kvelds- og nattemørke er ikkje lov.

  • Som droneførar har du fullt ansvar for skadar på personar, dyr og eigedelar: Fly alltid drona på ein omsynsfull måte.

  • Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglane for bruk av foto og video av andre personar.

Kvifor blinkar raude lys på fjordstasjonen - betyr det at bana er stengt? Nei, dei raude lysa er kun for markering av kablane for fly og helikopter.

Kan eg køyre bil til toppen av Hoven? Nei, vegen er stengt med bom på Oppheim og vert kun nytta til anleggsarbeid på Hoven og i visse andre tilfelle etter avtale. Parkering ved Holme på Oppheim (mot avgift) for dei som ynskjer å gå vegen opp.

Korleis når eg Via Ferrata brua / Gjølmunnebrua? Brua er ikkje tilgjengeleg frå toppen av Hoven. For å nå brua må du gå opp Via Ferrata Loen. Via Ferrata Loen er ein einvegs klatresti, der det kun er lov å gå oppover. Vi anbefaler alle nybegynnerar å nytte instruktør på turen. 

Kvar kan eg lade elbilen min? Hotel Alexandra tilbyr lading av El-bil i parkeringshuset for buande gjestar. Rema 1000 og Coop Extra tilbyr lading i Stryn sentrum.

Kan eg ta med hangglider i Loen Skylift? Nei dessverre er det ikkje plass til dette. Det er heller ikkje mogleg å transportere ein hangglider på utsida av kabina.

Er det toalett på toppen av Hoven? I bygget på toppen er det tilrettelagt med mange toalett, både i stasjonsbygget og i tilknyting til restauranten. 

Kvifor er Lovatnet og fjorden grøn? Lovatnet er grønt fordi dei inneheld leirpartiklar og steinstøv som breane grev ut og elvane fører med seg. Breane knuser stein og fjell, dag og natt. Når brevatnet kjem ned i innsjøane og fjorden, ser det grønt ut, særleg når sola skin.