Klatreeventyret i Loen har starta for sesongen, og tida er på nytt inne for adrenalinrush, meistring og treningsglede i fjellveggen over Loen.

Du vel rute etter ambisjonsnivå og fysisk form. Dei fleste vel den klassiske ruta, medan nokre testar motet i dei litt hardare sløyfene. Dei aller sterkaste prøvar seg i Ragnarok-ruta. Loen Active har guida turar kvar dag gjennom heile sesongen, og her kan du bestille plass.

Frå 3. juni kan du også inkludere den luftige ziplina som ein del av opplevinga. Til saman er ziplina 220 meter lang (125 + 95 meter). Her flyr du over øvste delen på Tungejølet, med utsikt mot hengebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5-10 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange bruker også ziplinene som avslutning etter via ferrata turen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.