Stor aktivitet i Loen

Solnedgong over fjorden. 

Solnedgong over fjorden. 

Vegen mot toppen er snart klar. Nokre har testa vegen på ski! 

Vegen mot toppen er snart klar. Nokre har testa vegen på ski! 

Fjordstasjonen sett mot Loen. 

Fjordstasjonen sett mot Loen. 

Arbeidet med Hoven Loen går raskt framover. Her er ferske statusbilete frå 7. mars. 

Ein fantastisk vinterdag!

Turterrenget mot Hoven byr på ei fantastisk utsikt. Bileta er frå ein tur til Rakssetra laurdag 16. januar 2016. 

Utvikling av stinettet på Hoven

I sommar starta stibygginga for fullt på Hoven. Første fase er frå Oppheimssætra til Nøkketjønn. I prosjektet med å realisere Hoven Loen vil det bli utvikla eit vandrerutenettverk av høg kvalitet, etter nasjonal/internasjonal standard. Fjellheimen mellom Loen og Stryn er eit fantastisk turområde, og vandring er ei av dei viktigaste satsingane i Hoven Loen prosjektet.

Det er Naturservice DA, Utmarksressurs AS, Drageset Mskin og Fjord Helikopter som utfører arbeidet. Alt skjer i samarbeid med grunneigarane. 

Totalt 70 km med potensielle ruter er kartlagt til og rundt Hoven. Rutene knyter Stryn sentrum og Strynedalen til vandrenettverket.