Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, på ein måte som alle greier. Loen Active tilbyr guida trugeturar med utgangspunkt frå Hoven og Loen Skylift. Her kan du oppleve fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter og våre erfarne guider vil tilpasse turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter trugeturen kan vi varme oss i Hoven Restaurant.  Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid. 


MEIR INFORMASJON

Vi møtast ved Loen Active butikken der vi sjekkar bekledning og utstyr, og går samla til Loen Skylift. På toppen får vi utdelt truger og stavar før vi vandrar ut i det vakre vinterlandskapet.

Turen tek inntil tre timar, og vi vel rute etter ver, snøforhold og ønskje frå gruppa.

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta i Hoven Restaurant, der det blir servert varm drikke, før vi returnerer til låglandet med Loen Skylift.
 

FAKTA

Nivå: Lett / middels / krevjande
Varighet: 2-3 timar.
Alder: Frå 12 år.
Inkludert: Billett t/r Loen Skylift, guide, truger, stavar, varm drikke.
Ta med: Lunch (kan bestillast), snacks, drikke, varme sko, varme og vind/vanntette klede, lue, hanskar, ryggsekk.
Min. antal deltakarar: 4 personar.
Maks antal deltakarar per guide: 12 personar.

Pris: 1070,- per pers.

Kun leige av truger: 400,- per dag inkl. stavar.