Vi har delt tilbodet i ein familiebakke som er gratis og tilgjengeleg for alle, og ein meir fartsfylt akebakke der du må leige kjelke og hjelm frå Loen Active. 


DETALJAR FAMILIEPARK
Nivå: Lett
Alder: frå 2 år i følgje med vaksne
Pris: Gratis med eige akebrett

DETALJAR ACTION-BAKKE
Nivå: Vanskeleg
Alder: Frå 12 år
Inkludert: Hjelm og kjelke
Pris:
2 timar kr 190,-
4 timar kr 260,-
1 dag kr 490,-

Betaling og utleige/utlevering av utstyr skjer i 2. etasje på toppstasjon Loen Skylift.

Vi sel også mindre akebrett som kan brukast i familieparken. Akebakkane er lette og finne i bakkant av Loen Skylift.

I action-bakken går du opp og køyrer ned.

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta på Hoven Restaurant med noko å drikke eller å bite i, før returen til låglandet med Loen Skylift.