Billettane var rivne bort på få minutt, og 21. mai fekk 1000 heldige ei konsertoppleving utanom det vanlege 1011 meter over fjorden.

Som ved eit trylleslag forsvann regn og skodde då Madrugada entra scena på takterrassen på Loen Skylift. Og magien heldt fram då bandet slo an tonen for kvelden med både nye og gamle låtar. Det var eit opplagt band som møtte folkemengda, og publikum tok i mot med opne armar.

-Vi kunne ikkje fått ei betre markering av fem-års dagen, seier dagleg leiar i Loen Skylift Richard Grov. - Eit fantastisk band, og ein fantastisk konsert!