Fredag 1. juli startar eit nytt transporttilbod for besøkande i Loen og Lodalen.

Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken. Bussen vil ha 6 daglege avgongar, tre gjennom Lodalen til Kjenndalstova og tre til Oppheim.

Enten du ønskjer å gå til Rakssetra, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle. Med ein fleksibel dagsbillett kan du reise så mykje du vil.

Det er aktivitetsselskapet Loen Active AS står for drifta. Sjølve idéen er eit resultat av arbeid i prosjektet “Destinasjonsutvikling Loen og Lodalen”, der Hotel Alexandra, Stryn kommune og fleire reiselivsbedrifter siste året har engasjert seg i utviklinga av området. Loen Utviklingslag leiar prosjektet.

Målet er mindre trafikk, redusert miljøavtrykk og ein tryggare veg, til glede for alle som brukar vegane.