«Norges lengste akebakke» er ein preparert veg ned frå Hoven til Oppheim. Her akar du med fantastisk fjordutsikt i heile 7 kilometer, fordelt på ca 700 høgdemeter. Turen ned lokkar fram breie smil blant både små og store.

Ta med eigen kjelke eller akebrett, eller leig på toppen. Kjelkar kan leigast i Fjellbutikken av Loen Active. Om fjellbutikken er stengt kan du ta kontakt med baneførar, så hjelper han/ho deg (betaling med Vipps). Hjelm skal brukast under aking med kjelke, og er alltid inkludert i leiga. Leigd kjelke og hjelm kan leverast inn igjen på henvist plass der akebakken endar. I fjellbutikken kan du også leige vinterbekledning.

Vegen endar på Holme/Oppheim, 7 km frå fjordstasjonen til Loen Skylift. Det er parkeringsplass ved Holme (mot avgift). Dei fleste vel å parkere ein bil på Holme, avtale «shuttling» med vener/familie eller bestille taxi (Stryn Taxi +47 57 87 23 50, Olden Taxi +47 950 86 146). Buande på Hotel Alexandra kan bestille henting på førehand i resepsjonen (kr 100 p.p.). Dei som leiger kjelke leverer inn kjelken på henvist plass der akebakken endar.

Sesongen varer vanlegvis frå desember til april. På skisporet.no finn du oppdatert status for trakking av løypene.

NB: All ferdsel i den preparerte vegen til Oppheim skjer på eige ansvar. Følg med på skredvarselet, vis hensyn og tilpass farten. Du kan møte skiløparar, vandrande, akande og maskiner langs vegen. Hjelm skal brukast under aking (inkludert i leige av kjelke).