Loen Skylift vil halde stengt på grunn av vedlikehald frå 19. til og med 28. april 2022. Garaventa sitt team kjem til Loen og skal delta i arbeidet med å løfte taua i masta og på toppstasjonen. Dette er standardprosedyre ei viss tid etter eit kabelbytte. Loen Skylift bytta den eine kabelen i mai i fjor.

Loen Skylift opnar 29. april kl 12:00. Sjå opningstider her.

Sjølv om heisen til himmels er stengt, er det framleis mykje kjekt å finne på i området. I stengeperioden tilbyr Loen Active framleis guida aktivitetar som fotturer, kajakkpadling, SUP (tørrdrakter tilgjengelig) m.m.