Søndag hadde Truls Holmen sin flygetur nummer 1.000 med speedglider frå Hoven i Loen.

1.000 flygingar er i seg sjølv imponerande. Det som gjer det endå meir spektakulært er at turane frå Hoven er gjort i løpet av fem månader, frå slutten av mai til slutten av oktober. Dette er eit snitt på 200 flygeturar pr månad.

Truls Holmen er ein erfaren luftsportutøvar frå Hokksund, men busett i Krogstadelva ved Drammen.

Dagsekorden hans i Loen er 31 turar på ein dag, og 140 turar på ei veke. Det greidde Holmen i september.

Les intervju med Truls Holmen i Fjordingen.no .