Inne i eit berg av snø finn du ein smal gang, og der opnar det seg ein kvit kuppel over deg. Ei stor snøhole med lys og skinnfellar. Det er noko spesielt å sitte inne i alt det store kvite, i ly for vêr og vind.

Denne vinteren har ei stor snøhole dukka opp på fjellet. Denne finn du i akeområdet oppe på fjellet, ca 300 meter frå fjellstasjonen. Her er alle velkomne inn.

Snøhola vil stå så lenge vêrforholda ligg til rette for det.